Bli tryggare som leiar i Lions - delta på ELLI

Publisert av Tom Gaudland den 04.09.26.

Og kva er ELLI?

Dette er eit kurs for deg som ønsker å læra meir, utvikle dine ferdigheiter og ikkje minst bli tryggare i ulike roller i Lions.

 

Må eg ha erfaring som leiar?

Du treng ikkje ha noko som helst erfaring som leiar for å delta på dette kurset. Du treng bare ha lyst til å læra.

 

Ansvar og engasjement

Klubbane treng ikkje bare fleire medlemmar, men me treng og medlemmar som ønsker å læra, ta ansvar og utvikla seg videre som leiarar. Dette skaper engasjement.

 

På ELLI-kurset deltek du aktivt gjennom diskusjonar, praktiske oppgåver og erfaringsutveksling med andre Lions-medlemmar.

Og kanskje oppdagar du at du ønsker  å ta eit større ansvar i Lions? Kanskje tek du på deg eit verv som kasserar, sekretær eller president?

 

Er det litt skummelt å reise aleine på kurs?

Det er lagt opp til at to personar frå same klubb kan delta på ELLI-kurs på aktuell dato.

 

Kven skal betala for ELLI-kurs?

Distrikt C104 vil dekka kursutgifter for inntil fem personar frå C104.

 

Tid og stad

Gardermoen

  • 20.-22. november 2026

  • 12.-14. mars 2027

 

Har du lyst til å vera med som deltakar på ELLI?

Du vil finne meir informasjon om innhaldet i kurset og lenke for å melde deg som interessert, på Lions.no.

 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med: D-GLT Trude Høyland på trude.hoyland@gmail.com


«Kunnskap skaper tryggleik. Tryggleik skaper engasjement. Engasjement skaper sterke Lions-klubber»