– Det er ikkje oss og dei. Det er VI!

Publisert av Tom Gaudland den 28.10.26.

Jan Birger Landøy frå LC Fusa er distriktskontakt for Lions Røde Fjær 2027 i distrikt 104C. Han skal leie innsatsen i distriktet i ein aksjon som skal samle inn 29 millionar kroner til eit senter som blir det første i sitt slag i Noreg.

 

Når Lions-klubbane frå Egersund i sør til Førde i nord skal mobilisere til Røde Fjær 2027, er det Jan Birger Landøy som held i trådane. Som distriktskontakt (LRF) har han ansvaret for aktivitetane i distriktet i samband med aksjonen.

Målet er å samle inn 29 millionar kroner til eit VI-hus på Grønkjær Arena ved Notodden. Der skal funksjonsfriske og personar med nedsett funksjonsevne bu under same tak, bruke dei same løypene, trene saman og vere sosiale saman.

– Det er ikkje oss og dei, det er VI! Jo meir vi forstår av kor stort dette er, jo meir innser vi kor viktig ein slik tankegang og eit slikt senter er, seier Landøy, som ikkje legg skjul på at han er ekstra stolt av å vere med.

 

Med snekke og brislingnot

Røtene har han på Herland, som er ei bygd på Atløy i Askvoll kommune. Barneskulen hadde rundt 30 elevar, og i klassen til Landøy var det fem gutar og tre jenter. Faren var skulestyrar, medan mora var heimeverande, aktiv i foreiningslivet og av og til vikar på skulen.

Kullet hans var det første som fekk niårig skule i kommunen. Det betydde internat i Askvoll i 8. klasse, og båt og buss til skulen i 9. Deretter følgde folkehøgskule på Solvang i Førde og tre år på Flora gymnas i Florø.

Friluftsliv og fiske prega oppveksten, og som gut drøymde han om å bli fiskar eller geolog – kanskje også politi. Allereie som 9–10-åring fekk han gå åleine med snekka til familien, ein 20-fotar med Sabb-diesel på åtte hestekrefter.

– Eg fekk lov så snart eg klarte å starte motoren sjølv. Men eg måtte halde meg der dei kunne sjå meg frå kjøkenglaset, fortel han.

Frå konfirmasjonen til han var ferdig på gymnaset, gjekk alle skuleferiane med til brislingfiske i Nordfjord, Sognefjorden og Hardangerfjorden.

 

Frå meieri til Infor

Etter rundt to år i Sjøforsvaret tok Landøy EDB-linja ved Bergen ingeniørhøgskule. Han arbeidde deretter som systemkonsulent ved det som den gong heitte Bergensmeieriet, dei siste åra som IT-ansvarleg, før han vart systemsjef i grossistfirmaet Univest i Bergen.

Så starta ein lang konsulentkarriere gjennom Informatikk, Intentia, Lawson og Merit. Merit var eit norsk IT-selskap som gjorde det så godt at amerikanske Infor kjøpte det i 2016. Der vart han verande til han gjekk av med pensjon i 2019.

 

Seikaker på eige hobbykjøkken

I dag bur Landøy saman med sambuaren Heidi i Strandvik i Bjørnafjorden kommune. Der fekk dei kjøpt ei flott tomt, bygde hus og flytte inn i 2020. Huset fekk også eit eige hobbykjøkken – ein draum han hadde bore på lenge.

– Der kan eg grisle på med å lage fiskemat, seier han. Fangsten frå Bjørnafjorden blir stort sett til seikaker.

Barndomsheimen på Herland er sett i stand og blir brukt som hytte. Elles går tida med til turar i skog og mark, og til frivillig arbeid.

 

Valde Lions med omhug

Landøy melde seg inn i Lions i 2014. Han hadde medvite sett etter ein stad å gjere frivillig arbeid, og sjekka ut fleire organisasjonar før han bestemte seg.

– Lions kom veldig godt ut fordi alle innsamla midlar går til formålet. All administrasjon vert dekt av medlemskontingenten, forklarer han.

Det som avgjorde, var likevel ein invitasjon frå eit Lions-medlem om å bli med på eit par møte. Sidan har han vore president i LC Fusa i to periodar, og i dag sit han i styret i klubben.

– Eg føler at eg kan bidra til å gjere kvardagen lettare for nokon. Og eg tenkjer det er viktig at ein som pensjonist har nokre faste møtepunkt og noko arbeid som krev litt av ein sjølv. Det er kjekt og sosialt å treffast på møta og på aktivitetane, seier han.

Til dei som vurderer å bli medlem, har han eit enkelt råd: Bli med på eit klubbmøte eller to, og sjå om det passar.

– Eg trivst godt i Lions og har ikkje angra på valet eg gjorde. Det er både sosialt og givande.

Med tre ord skildrar han seg sjølv som ansvarsfull, samvitsfull og pliktoppfyllande. Det er gode eigenskapar å ha med seg når eit heilt distrikt skal dra lasset for Røde Fjær 2027.

Matpakke og termos er alltid med når Jan Birger Landøy er på tur i skog og mark.

Jan Birger Landøy på stand for Lions Røde Fjær. Målet er 29 millionar kroner innan juli 2027 til eit hus med 40 universelt tilpassa sengeplassar, der personar med og utan nedsett funksjonsevne kan bu, trene og vere sosiale saman.

Landøy voks opp med sjøen tett innpå seg og var på brislingfiske i alle skuleferiar frå han var konfirmert.

Pensjonisttilværet gir også rom for reiser til sørlegare strok.

Heime på Herland. Barndomsheimen på Atløy er sett i stand og blir i dag brukt som hytte.

I Lions-vesten for LC Fusa. Som pensjonist set Landøy av mykje tid til frivillig arbeid.